Kulturkafeen opna portane 2. november i 2006 – på Haramssenteret. Frå første dag har konseptet vore «Velkomen til heimelaga mat». Kafeen er godt plassert i sentrum, nært folk, butikkar, Ingebrigt Davik-huset og omsorgssenteret. På denne måten har vi vorte ein møteplass for alle. I kafeen får du «dagens middag», a la carte, store rimelege lunsjbuffetar, kaker og kaffi. Vi er leiande innan catering i vårt området. Dei fleste rettane er heimelaga og vi bakar brød og kaker.  Sjølv ved kort bestillingfrist kan vi møte dei fleste behov.

Visste du at...

  • Vi lager ca 600 potetballar kvar torsdag
  • Vi sel ca 150l brennsnut kvar veke
  • Vi driv Kulturkantina på Haram Videregående skule
  • Vi lagar mat til omsorgssenteret og dagsenteret kvar dag.
  • Vi er stolte sponsorar av Brattvåg IL og andre lag og organisasjonar i nærområdet