NYLANSERING! Januar er tida for å prøve ut nye tankar og idear. Denne gongen er det meirsal av kjente varer som er i fokus. Gjennom veka bakar vi pizzasnurrar og kanelsnurrar som du får kjøpt fryst i bake-off stil. Kva er vel betre enn Kulturkafeen sine nysteikte snurrar akkurat når det passar deg og dine best? For at alle skal få det til, har vi lagt ved framgangsmåte for eit vellukka resultat. Dette er garantert  ein suksess til tapasen, i barneselskapet eller til skulelunsjen dagen etter.